logo

Kjølen Miljøstasjon

 

For privatkunder er opent 2 dager i veka, tirsdag og torsdag (sjå opningstider).

Alt avfall skal over vekta og registrerast.

Kva kan du levere?

Du kan levere nesten alle typar avfall til ein bemanna miljøstasjon. Alle som betaler renovasjonsgebyr til ÅRIM har miljøstasjonkort. Med kortet har du ei gitt mengd avfall du kan levere utan å betale.

Bruk av kvote for farleg avfall, ee-avfall og hageavfall forutset at du leverer reine lass. Blanda lass går som grovavfall. 

600 KILO AVFALL TIL SORTERING

  • møblar
  • madrassar
  • sportsutstyr
  • tepper
  • trevirke og bygningsmaterial
  • med meir

1000 KILO FARLEG AVFALL

  • måling
  • lim
  • lakk
  • kjemikaliar
  • løysemiddel
  • sprayboksar
  • med meir

EE-AVFALL (FRITT)

  • lysrør, lyspærer
  • kablar og leidningar
  • batteri
  • elektriske leike
  • elektrisk verktøy
  • alle artiklar det har gått straum gjennom

HAGEAVFALL (FRITT)

  • greiner og skat
  • gras- og plenavfall
  • blomster og plantar

 

Miljøstasjonkort med kvote

Viktig å vite

  • Dersom du ikkje har med kort, må du betale for å levere avfallet.
  • Du kan òg levere 500 kilo PCB-vindauge.
  • Kortet er privat og følgjer eigedomen, også ved sal.
  • Erstatting av kort kostar kr 250.
  • Når du har levert kvoten, betaler du etter gjeldande prisliste. Kontakt ÅRIM for prisar.
  • Dei som betaler renovasjon for hytte eller fritidsbustad, har kvote på 200 kilo grovavfall og 1000 kilo farleg avfall. Har du både hus og fritidsbustad har du fått to kort og to kvoter.
  • Dei som betaler for standard abonnement (140 l restavfall) har standard kvote, som forklart over. Har du større dunk, får du større kvote på avfall til sortering. Døme: 240 l restavfallsdunk gir 1200 kilo avfall til sortering. Farleg avfall-kvoten er 1000 kilo, uavhengig av kor stort abonnement kunden har.
  • Du får automatisk ny kvote på kortet ved årsskiftet. 
  •                                                                                                                                Kortet er varig. Du får ikkje tilsendt nytt. Ta godt vare på kortet.
  •  

 

Du kan levere til fleire bemanna miljøstasjonar

Om du har med kort, kan du levere avfall på tvers av kommunegrensene. Miljøstasjonane har ope på ulike dagar og til ulike tider.

Giske - Gjøsundneset
Haram - Nøsa
Norddal - Djupøyna
Sandøy - Breivika
Stranda - Kjølen
Sykkylven - Jarnes
Vestnes - Øveråslia
Ørskog - Sjøholtstrand
Ålesund - Bingsa

Desse avfallstypane kan du ikkje levere på våre stasjonar

  • matavfall
  • dyrekadaver
  • fyrverkeri
  • ammunisjon
  • infeksjonsfremjande stoff
  • radioaktive stoff
  • campingvogner (berre Bingsa kan ta imot dette)
  • småbåtar (berre Bingsa kan ta imot dette)


 

Avfall og gjenvinning.

Ved mottaks- og sorteringsanlegg for avfall på Kjølen Miljøstasjon er det lagt vekt på utnytting av avfallet.

Gjenvinnbare fraksjoner blir sortert ut, og blir videre transportert til godkjent sluttbehandler og gjenvinningsanlegg.                                                                                                                                               

Ikke material gjenvinnbart avfall blir i hovedsak levert til forbrenning / energi gjenvinning.